Nettbutikk

Handlevognen er tom

Web server leige


Det enklaste og rimelegaste alternativet er å bruke one.com for å leige serverplass til dine sider. Du får ditt eige domene (dittnavn.no) og one.com støttar alle funksjonar som ein treng for å kunne køyre Joomla systemet. Priseksempel : oppretting av domene + web server leige for eit år : kr. 330,- med den minste pakken. Deretter betalar du litt over kr 200,- i året. Billegare kan du ikkje få det. Hos one.com får du eit ubegrensa tal e-post konti tilknytta din nettstad (dittnavn@dittnavn.no
Du kan få Pagemaker web design til å hjelpe deg med å registrere domene.

Pagemaker web design
Moduloppbygd - mange muligheiter PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
onsdag 29. juli 2009 11:14

Joomla systemet er bygd opp av modular og kan på ein enkel måte tilpassast den einskilde brukar. Du kan få ditt eige forum, gjestebok, fotoalbum på nettsida. Systemet har også eigne modular for Google calendar eller YouTube video. Ei nettside som viser utvidingsmuligheiter finn du her. Sjå menyvalget "Eksempel modular" i toppmenyen for "live" eksempel.
Du kan sortere artiklane dine i seksjonar og kategoriar. Det same kan du gjere med foto.  I eit idrettslag kan du f.eks ha ein seksjon for friidrettsgruppa, ein for fotballgruppa osv... I lista over artiklar kan du på ein enkel måte sortere artiklane i nummerert rekkefølge og du kan flytte artiklar over i nyheitsarkiv eller slette dei. Joomla har også eit innebygd system for nyheitsmeldingar og støttar RSS

Sist oppdatert onsdag 29. juli 2009 18:37
 
Velkommen til Pagemaker web design PDF Skriv ut E-post

Har du lyst på ei dynamisk nettside som du sjølv kan administrere og oppdatere på ein enkel måte ? Då er du på rett stad. Joomla publiseringssystem er eit anerkjent og mykje brukt system verden over.

Denne nettsida er laga med Joomla.  Du kan lage alt frå massive dynamiske nettsider med eit svært omfattande innhald til mindre nettsider av meir statisk karakter. Poenget er at det er enkelt å vedlikeholde.  Det er også mogleg å lage nettsider med fleire skribentar og redaktørar, noko som passar godt for til dømes idrettslag og andre frivillige organisasjonar. På denne sida kan du lese meir om kva Joomla er og korleis det er oppbygd. Klikk på "Om Joomla" i hovudmenyen for å lære meir om systemet.

 

 
Er Joomla vanskeleg å bruke ? PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
onsdag 29. juli 2009 11:25

Joomla publiseringssystem er svært enkelt i bruk. Det fungerar på mange måtar som ein vanleg tekstbehandlar og sjølve tekstbehandlinga er enklare å bruke enn Microsoft Word. Du har full oversikt over kva artiklar som er publiserte og kvar dei ligg i systemet til ei kvar tid. Systemet krev at du er systematisk og passar på å slette / oppdatere / sortere artiklar dersom du skal håndtere store mengder artiklar på nettsida di. Det krev også at du sjekkar f.eks. forum, gjestebok og kalendar med jamne mellomrom. Med andre ord : vanleg vedlikehald.

Sist oppdatert onsdag 29. juli 2009 12:45
 
Joomla er gratis PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
tirsdag 28. juli 2009 23:28

Sjølve Joomla systemet er gratis og vert stadig oppdatert og vedlikeholdt av frivillige systemutviklarar. Det einaste du treng for å komme i gang er plass på ein web-server samt at du lastar ned og set opp Joomla systemet på serveren din. Pagemaker web design kan hjelpe deg med dette til ein svært rimeleg pris. Ta kontakt for meir informasjon.

Sist oppdatert onsdag 29. juli 2009 18:37
 
Fargar og layout PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Eivind Husabø   
onsdag 29. juli 2009 11:36

Det fins tusenvis av ulike layout malar for Joomla. Mange er gratis, men dei beste må du betale for. Eksempel på ei side med mange gode gratismalar finn du her.

Sist oppdatert onsdag 29. juli 2009 12:45